Kommunal planlegging

Ifølgje dokumentet Nasjonale forventningar til regional og kommunal planlegging, som blei vedteke 14. mai 2019, er det eit mål at fylkeskommunane og kommunane skal sikre tilgang til viktige mineralførekomstar for mogleg utvinning og vege dette opp mot miljøomsyn og andre samfunnsinteresser. Tilgangen til, og lagringa av, byggjeråstoff må sjåast i eit regionalt perspektiv.

Arealdelen i kommuneplanen er den viktigaste reiskapen kommunen har for å sikre ei langsiktig og forsvarleg forvaltning av mineralressursane. Mineralressursar er viktige naturressursar, og masseuttak er ofte ein del av det lokale næringslivet. Mineralressursane bør vurderast i samanheng med andre tema i konsekvensutgreiinga og arealavklaringar i arbeidet med kommuneplan. Mineralressursar kan berre utnyttast der dei er lokaliserte frå naturen si side. Det er derfor viktig at kommunane har oversikt over mineralressursane, både for å hindre at dei blir bygd ned, og for å unngå arealbrukskonfliktar i samband med etablerte og framtidige masseuttak.

I arbeidet med kommuneplanen kan det lagast ei oversikt over kor langt fram i tid allereie opne masseuttak, og områda avsett til råstoffutvinning, vil dekkje behovet for byggjeråstoff i kommunen.

Mineralressursar i eigen kommune

Noregs geologiske undersøking (NGU) har fleire ressursdatabasar som må nyttast i den kommunale planlegginga for å identifisere område der det kan finnast mineralske ressursar:
- Grus- og pukkdatabasen med tilhøyrande kart
- Malm-, industrimineral- og natursteindatabasen med tilhøyrande kart

Ressursdatabasane bør nyttast av kommunane til å skaffe oversikt over kva for mineral og bergartar som finst, kvar dei er lokaliserte, og i mange tilfelle kva verdi desse ressursane er venta å ha. På dette grunnlaget kan kommunen vurdere kva for mineralressursar som bør sikrast for framtidige generasjonar, og kvar eventuelle uttak av mineralressursar skal gjerast i den komande planperioden.

Reguleringsplanar for massetak

Ifølgje plan- og bygningslova er det krav om reguleringsplan for gjennomføring for større byggje- og anleggstiltak, og andre tiltak som kan få vesentlege innverknader på miljø og samfunn. Mange kommunar har generelle føresegner i kommuneplanen som stiller krav om reguleringsplan for alle område for råstoffutvinning.

Ein reguleringsplan vil bidra til at uttaket skjer i forsvarlege former der omsynet til miljø og samfunn er vurdert og teke hand om. Regulering gir mellom anna kommunen høve til å setje føresegner med krav til skjerming og sikring, føresegner om driftstider, krav om terrengutforming og at området skal setjast i stand etter at uttaket er avslutta. Det vil i mange tilfelle vere nødvendig å avklare tilkomsten til masseuttaket. Dette er viktig mellom anna fordi eit masseuttak kan gi trafikkbelastning på vegnettet og for nærmiljøet.

DMF behandlar søknadar om driftskonsesjon  etter minerallova. Tiltakshavar skal leggje ved forslag til driftsplan til søknaden. Ved behandling av ein konsesjonssøknad, er det ein fordel at området for masseuttak har ein godkjend reguleringsplan. Arealet for masseuttaket vil då vere klart definert, og viktige omsyn etter anna regelverk vil allereie vere avklarte. Dersom etterbruk av området er avklart i reguleringsplanen, vil dette kunne verke inn på krav om å setje i stand området etter at uttaket er avslutta. Dette kan igjen verke inn på krav om å stille økonomiske garantiar for å sikre at det blir gjennomført sikrings- og oppryddingstiltak etter minerallova.