Konsekvensutgreiingar

1. juli 2017 blei ny forskrift om konsekvensutgreiingar sett i kraft. Føremålet med forskrift om konsekvensutgreiingar (KU) er å klargjere konsekvensane av planar og tiltak som kan ha vesentleg innverknad på miljø og samfunn. Mineralressursar er eit av omsyna som skal vurderast i følgje KU-forskrifta.

Konsekvensutgreiinga skal sikre at omsynet til miljø og samfunn blir vurdert når ein førebur planar eller tiltak, slik at ein kan ta stilling til om og på kva vilkår, planane eller tiltaka kan gjennomførast. Ifølgje forskrift om konsekvensutgreiingar skal ein alltid gjennomføre konsekvensutgreiing av masseuttak som har ei samla overflate på 200 daa eller meir, eller uttak som omfattar meir enn 2 mill. m³ masse. For uttak i denne storleiken kan DMF tre inn som ansvarleg myndigheit dersom kommunen ønskjer dette. DMF vil då gjennomføre KU-prosessen fram til kommunen har fatta vedtak, jf. KU-forskrifta vedlegg I punkt 19.

Andre mineraluttak, jf. KU-forskrifta vedlegg II punkt 2 a og b, er tiltak som skal bli vurdert nærare for å sjå om dei kan ha vesentleg innverknad på miljø og samfunn. Vurderingskriteria for om eit tiltak skal vurderast å ha vesentleg innverknad på miljø eller samfunn, er lista opp i KU-forskrifta § 10.

I tillegg til planar som gjeld uttak av mineralressursar, vil andre planar og tiltak som kan kome i konflikt med regionalt eller nasjonalt viktige mineralressursar, òg kunne utløyse krav om konsekvensutgreiing. Dette gjeld både planar etter plan- og bygningslova, som til dømes planar for bustader, veg og jernbane, òg planar og tiltak etter anna lovgjeving som til dømes energilova, vannressurslova og vassdragsreguleringslova.

I dei tilfelle det blir sett krav om konsekvensutgreiing, skal ei utgreiing i tråd med KU-forskrifta § 21, identifisere, skildra og vurdere vesentlege verknadar for viktige mineralressursar.

Konsekvensutgreiingar skal gjerast etter anerkjend metodikk og av personar med relevant fagleg kompetanse.