Tolstadmoen i Vågå kommune - driftskonsesjon

Direktoratet for mineralforvaltning med Bergmeisteren for Svalbard (DMF) har motteke søknad om driftskonsesjon etter § 43 i lov om erverv og utvinning av mineralressurser (minerallova) frå Kristian Gården & Sønner AS.

Kristian Gården & Sønner AS søkjer om driftskonsesjon for Tolstadmoen i Vågå kommune. Arealet det søkjast om driftskonsesjon for er 111 daa. Tiltakshavaren har anslått at totalvolumet for uttaket er 700 000 m3, og at det forventast at ein skal ta ut mellom 6000 – 7000 m3 årleg. Førekomsten tilhøyrar mineralkategorien grunneigers mineralar. Det framkjem av søknadsskjemaet at det er tale om ein løsmasseførekomst av varierande kvalitet, der tiltakshavaren ser for seg å nytta ressursen uforedla, knust og eventuelt sortert. Konsesjonsgrensa er samanfallande med plangrensa for steinbrudd og masseuttak som framkjem av kart med planID: 5152014002, vedteken i kommunestyret den 16. desember 2014.

Saka ligg no ute til høyring. Høyringsdokumenta er tilgjengeleg i menyen til høgre.

Høyringsbrevet gir nærare orientering om DMF sine forventningar til høyringsfråsegna og vår behandling av søknaden.

Høringsuttalelser
Send med epost til
Send med post til
Direktoratet for mineralforvaltning med Bergmeisteren for Svalbard Postboks 3021 Lade 7441 Trondheim
Frist for å avgi høringsuttalelser
Fredag, 1. juli 2016