Sunde uttak i Jølster kommune - driftskonsesjon

Direktoratet for mineralforvaltning med Bergmeisteren for Svalbard (DMF) har fått inn søknad om driftskonsesjon etter minerallova § 43 frå Roald Sunde.

Sunde uttak er lokalisert på del av gbnr. 35/1 i Jølster kommune. Området som det søkjast om driftskonsesjon på har eit areal på om lag 8 dekar og går fram av høyringsvedlegget på s. 4 og 5. Tiltakshavar oppgjer at det skal takast ut totalt 72 000 m3 masse. Forventa årleg uttak er 3000 m3 masse. Førekomsten består primært av fast fjell, stein og grus. Det vert i søknaden opplyst at råstoffet skal nyttast til blant anna fyllmassar og muring. Området er i kommuneplanens arealdel avsett til masseuttak  og regulert i reguleringsplan for «del av gbnr. 35/1 i Sunde i Jølster», vedteken 23. juli 1998.

Saka ligg no ute til høyring. Høyringsdokumenta er tilgjengeleg i menyen til høgre.

Høyringsbrevet gjev nærare orientering om DMF sine forventingar til høyringsfråsegnene og handsaminga vår av søknaden.

Høringsuttalelser
Send med epost til
Send med post til
Direktoratet for mineralforvaltning med Bergmeisteren for Svalbard Postboks 3021 Lade 7441 Trondheim
Frist for å avgi høringsuttalelser
Tirsdag, 28. november 2017