Sløvåg industriområde i Gulen kommune – driftskonsesjon

Direktoratet for mineralforvaltning med Bergmeisteren for Svalbard (DMF) har fått inn søknad om driftskonsesjon etter mineralloven § 43 frå DC Halsvik Aggregates AS.

Søknaden gjelder uttak av fast fjell på eigedomane gbnr. 62/58 og 62/61 i Gulen kommune. Konsesjonsområdet for uttaket visast på kart som er ein del av høyringsdokumenta. Arealet for uttaket er angitt til 57 daa.

Årleg uttak er angitt til opptil 1,75 millionar tonn pr. år, mens anslått totalmengde i uttaket er oppgitt til 100 millionar tonn masse. Massane brukast til produksjon av pukk til asfalt, betong, generelle byggevarer og behov for offshoremarknaden.

Uttaket er regulert i reguleringsplan «Utviding av steinbrot, Sløvågen», vedtatt 11. november 1999, planID 1999009. Uttaksområdet er regulert til område for steinbrot og masseuttak.

Saka ligg no ute til høyring. Høyringsdokumenta er tilgjengelig i menyen til høyre.

Høyringsbrevet gir nærare orientering om DMF sine forventningar til høyringsfråsegna og vår handsaming av søknaden.

Høringsuttalelser
Send med epost til
Send med post til
Direktoratet for mineralforvaltning med Bergmeisteren for Svalbard Postboks 3021 Lade 7441 Trondheim
Frist for å avgi høringsuttalelser
Torsdag, 12. desember 2019