Slangen grustak i Nord-Fron - driftskonsjon

Direktoratet for mineralforvaltning med Bergmeisteren for Svalbard (DMF) har motteke søknad om driftskonsesjon etter § 43 i lov om erverv og utvinning av mineralressurser (minerallova) frå Veidekke Industri AS.

Slangen er eit grustak lokalisert på gnr./bnr. 408/1 i Nord-Fron kommune. Det omsøkte området er om lag 49 dekar og går fram av kart på side 31 i høyringsvedlegget. Omsøkt område er avsett til råstoffutvinning i arealplanen til kommunen. Vidare er omsøkt område regulert i reguleringsplan datert 20.02.2003 med plan-ID 051620030001 og namn «Reguleringsplan for Samsgarden-Snubbmoen». Det er oppgjeve at førekomsten består av grus som hovudsakleg vil nyttast til veg, betong og asfalt. Det er estimert eit årleg uttak på om lag 5.000-10.000 m3 og eit totalt uttak på 60.000 m3.

Saka ligg no ute til høyring. Høyringsdokumenta er tilgjengeleg i menyen til høgre.

Høyringsbrevet gjev nærare orientering om DMF sine forventingar til høyringsfråsegnene og handsaminga vår av søknaden.

Høringsuttalelser
Send med epost til
Send med post til
Direktoratet for mineralforvaltning med Bergmesteren for Svalbard Postboks 3021 Lade 7441 Trondheim
Frist for å avgi høringsuttalelser
Mandag, 12. juni 2017