Skredbergo i Øystre Slidre kommune - driftskonsesjon
Direktoratet for mineralforvaltning med Bergmeisteren for Svalbard (DMF) har fått inn søknad om driftskonsesjon etter minerallova § 43 frå Fjelltun sandtak og transport AS.
Fjelltun sandtak og transport AS søker om driftskonsesjon for uttak av lausmassar i Skredbergo. Uttaket er lokalisert på gbnr. 1/3 i Øystre Slidre kommune. Omsøkt område er om lag 35 daa. Tiltakshavaren beskriv at det samla uttaket innafor omsøkt område er om lag 400 000 m3. Vidare skisserar tiltakshavaren eit årleg uttak på om lag 30 000 m3. Det årlege uttaket vil kunne variere med etterspurnad og marknadssituasjonen elles.
Tiltakshavaren viser til NGU sin database, som gjer greie for at førekomsten er ei breelvavsetning med godt sorterte massar. Det ligg også ei lausmasseavsetning av morene inntil breelvavsetninga. Tiltakshavaren meiner å kunne gjere seg nytte av opptil 95 % av massane som, der dei siste 5 % vil bli nytta som ein del av istandsettinga av området. Ulike fraksjonar i førekomsten kan mellom anna nyttast til: Subbus/strøsand, støypesand til betong, pukk til grøfter og tomter, pukk til drenering, grøfter og tomter, forsterkningslag og berelag, veggrus, samt kult til tomte- og vegbygging.
Området er i reguleringsplan for Skrebergene sandtak med planID 0544 201501, vedteken i kommunestyret den 21. juni 2018, regulert til steinbrudd og masseuttak.
Saka ligg no ute til høyring. Høyringsdokumenta er tilgjengelig i menyen til høyre.
Høyringsbrevet gir nærare orientering om DMF sine forventningar til høyringsfråsegna og vår handsaming av søknaden.