Røda i Vanylven kommune - driftskonsesjon

Direktoratet for mineralforvaltning med Bergmeisteren for Svalbard (DMF) har motteke søknad om driftskonsesjon etter § 43 i lov om erverv og utvinning av mineralressurser (minerallova) frå Olav Severin Opsal.

Røda i Grytdalen er lokalisert på gnr./bnr. 80/2 i Vanylven kommune. Området som det søkast om driftskonsesjon for omfattar 27,9 daa og er satt av til råstoffutvinning i kommuneplanen sin arealdel vedteke i 2014. Det føreligg ikkje ein reguleringsplan for området.

Førekomsten består av morenemassar og er eigna til produksjon av pukk, singel og veggrus. Totalvolum for uttaket er rekna til 140 000 m3 og forventa årleg uttak er 2000-5000 m3.

Saka ligg no ute til høyring. Høyringsdokumenta er tilgjengeleg i menyen til høgre.

Høyringsbrevet gir nærare orientering om DMF sine forventningar til høyringsfråsegna og vår behandling av søknaden.

Høringsuttalelser
Send med epost til
Send med post til
Direktoratet for mineralforvaltning med Bergmeisteren for Svalbard Postboks 3021 Lade 7441 Trondheim
Frist for å avgi høringsuttalelser
Fredag, 13. mai 2016