Nordheringslie skiferbrot i Vågå kommune – driftskonsesjon

Direktoratet for mineralforvaltning med Bergmeisteren for Svalbard (DMF) har fått inn søknad om driftskonsesjon etter mineralloven § 43 frå Dovreskifer AS.

Nordheringslie skiferbrot er lokalisert på eigendommen gnr./bnr. 69/3 og gnr./bnr. 68/4 i Vågå kommune. Området som det vert søke om driftskonsesjon på har eit areal på om lag 133 dekar og fremgår av høyringsvedlegget på side 14. Området er i kommuneplanens arealdel avsett til LNFR. DMF synar til at det pågår ein reguleringsplanprosess for området (Plan-ID 05152018002).

Tiltakshavar oppgjer at det skal tas ut totalt 1 300 000 m3 masse. Forventa årleg uttak er 10 000 m3 masse. Førekomsten er en ein skifrig bergart, som spalter bra i fleire tjukkalsar og vil bli solgt som murestein, heller og takskifer.

Saka ligg no ute til høyring. Høyringsdokumenta er tilgjengelig i menyen til høyre.

Høyringsbrevet gir nærare orientering om DMF sine forventningar til høyringsfråsegna og vår handsaming av søknaden.

Høringsuttalelser
Send med epost til
Send med post til
Direktoratet for mineralforvaltning med Bergmeisteren for Svalbard Postboks 3021 Lade 7441 Trondheim
Frist for å avgi høringsuttalelser
Torsdag, 27. februar 2020