Møen/Helleberget i Voss kommune - driftskonsesjon

Direktoratet for mineralforvaltning med Bergmeisteren for Svalbard (DMF) viser til søknad om driftskonsesjon etter minerallova § 43 frå Knut A. Møen.

Tiltakshavar skriv i driftsplanen at uttaksområdet for steinbrot og andre vesentlege terrenginngrep er på om lag 80 daa. Område for steinbrot er på om lag 55 dekar. Totalt volum er anslått å vere ca. 1 000 000 m3 (om lag 2 800 000 tonn). Ifylgje driftsplanen vil det årlege uttaket på Møen/Helleberget vere om lag 30 000 tonn, noko som svarar til om lag 10 714 m3.

Ifylgje driftsplanen vil utgangspunktet for drifta på Møen/Helleberget vere kvartsskifer. Førekomsten er dekt av løsmassar, kor det mot øst blir aukande overfjell som består av fyllitt/glimmerskifer. Tiltakshavaren beskriv i driftsplanen at skiferlaget fell med om lag 40 grader inn mot fjellet og at skiferlaget er opp mot 60 meter tjukt.

Området er i noverande kommuneplan avsett til råstoffutvinning og bandlagt for regulering. Voss kommune gav den 22. desember 2014 eit mellombels løyve for at tiltakshavaren kunne halde fram med drifta i skiferbrotet på Møen/Helleberget. Ifylgje tiltakshavaren pågår det ein prosess og arbeid med reguleringsplan for området. Denne er førebels ikkje vedteken.

Saka ligg no ute til høyring. Høyringsdokumenta er tilgjengeleg i menyen til høgre.

Høyringsbrevet gjev nærare orientering om DMF sine forventingar til høyringsfråsegnene og handsaminga vår av søknaden.

Høringsuttalelser
Send med epost til
Send med post til
Direktoratet for mineralforvaltning med Bergmeisteren for Svalbard Postboks 3021 Lade 7441 Trondheim
Frist for å avgi høringsuttalelser
Torsdag, 1. februar 2018