Moa grustak i Årdal kommune – driftskonsesjon

Direktoratet for mineralforvaltning med Bergmeisteren for Svalbard (DMF) har fått inn søknad om driftskonsesjon etter minerallova § 43 frå Ryfoss Betong AS.

Moa grustak er lokalisert på del av gbnr. 9/5 i Årdal kommune. Området som det vert søke om driftskonsesjon på har eit areal på om lag 62 dekar og kjem fram av eigedomskart i høyringsvedlegget på s.4. Tiltakshavar oppgjer at det skal tas ut totalt 276 000 m3 masse. Forventa årleg uttak er 3000 m3 masse. Massane skal nyttast som tilslagsmateriale til betong. Ryfoss Betong AS har eige betongblandeverk i forbindelse med uttaksområdet, som medfører kort avstand frå førekomsten til foredling og bruk.

Området er i dagens kommuneplan regulert til Annet spesialområde, grustak med feltbetegnelse S3. Området har reguleringsplan frå 1998: Reguleringsplan for Ytre Moa, del av Moa og del av Årdal metallverk. Plan ID: 1424 – 1998007. Tiltaket som beskrivast i denne planen ligg i sin heilskap innanfor allereie regulert areal og rører ikkje ved nye område.

Saka ligg no ute til høyring. Høyringsdokumenta er tilgjengelig i menyen til høyre.

Høyringsbrevet gir nærare orientering om DMF sine forventningar til høyringsfråsegna og vår handsaming av søknaden.

Høringsuttalelser
Send med epost til
Send med post til
Direktoratet for mineralforvaltning med Bergmeisteren for Svalbard Postboks 3021 Lade 7441 Trondheim
Frist for å avgi høringsuttalelser
Fredag, 15. mai 2020