Lykkja massetak i Øystre Slidre kommune - driftskonsesjon

Direktoratet for mineralforvaltning med Bergmeisteren for Svalbard (DMF) har fått inn søknad om driftskonsesjon etter minerallova § 43.

Lykkja massetak er eit grustak lokalisert på gnr./bnr. 1/4 i Øystre Slidre kommune. Området tiltakshavar søker konsesjon for er om lag 89 dekar og går fram av kart på side 4 i høyringsvedlegget. Det aktuelle området er avsett til råstoffutvinning i arealplanen til kommunen. Vidare er området regulert i reguleringsplan datert 18. oktober 2007 med namn «Reguleringsplan for massetak i Lykkja». Det er oppgjeve at førekomsten består av lausmassar som hovudsakleg vil nyttast til forskjellige pukk- og kultfraksjonar for bruk i relevante tiltak innan bygge- og anleggsbransjen. Det er estimert eit årleg uttak på om lag 10 000 m3 og eit totalt uttak om lag 100 – 150 000 m3.

Saka ligg no ute til høyring. Høyringsdokumenta er tilgjengeleg i menyen til høgre.

Høyringsbrevet gir nærare orientering om DMF sine forventningar til høyringsfråsegna og vår behandling av søknaden.

Høringsuttalelser
Send med epost til
Send med post til
Direktoratet for mineralforvaltning med Bergmeisteren for Svalbard Postboks 3021 Lade 7441 Trondheim
Frist for å avgi høringsuttalelser
Onsdag, 28. juni 2017