Lauareid næringsområde i Etne kommune - driftskonsesjon
Direktoratet for mineralforvaltning med Bergmeisteren for Svalbard (DMF) har motteke søknad om driftskonsesjon etter § 43 i lov om erverv og utvinning av mineralressursar (minerallova) frå Skånevikstrand Maskinstasjon AS.
Lauareid næringsområde ligg mellom Stordalsvatnet og Åkrafjorden, nord for Lauareidtjørna og like aust for E 134.
Reguleringsplanen for Lauareid næringsområde vart vedteke av Etne kommunestyre 16.12.2014. Omsøkt område er ein del av reguleringsplanen for næringsområdet og er i planen regulert til steinbrot/masseuttak. Utdrevne og opparbeida areal i næringsområdet blir i dag nytta til produksjon av murestein som er tilkøyrt frå skiferbrotet på Øvernes.
Søknaden gjeld gbnr 55/1, 55/2 og 55/3 og eit areal på om lag 10,5 dekar. Totalt uttaksvolum er stipulert til 75 000 m3 og forventa årleg uttak er inntil 10 000 m3. Området går fram av kart på side 5 i vedlegget til høyring.
Saka ligg no ute til høyring. Høyringsdokumenta er tilgjengeleg i menyen til høgre.
Høyringsbrevet gjev nærare orientering om DMF sine forventingar til høyringsfråsegnene og handsaminga vår av søknaden.