Høgabrekka i Modalen kommune - driftskonsesjon

Direktoratet for mineralforvaltning med Bergmeisteren for Svalbard (DMF) har motteke søknad om driftskonsesjon etter § 43 i lov om erverv og utvinning av mineralressurser (minerallova) frå Knut Dale Sandtak.

Høgabrekka er lokalisert på gnr./bnr. 76/4 i Modalen kommune. Det omsøkte området er 38 dekar og framgår av kart i høyringsvedlegget. Området er i arealplan, vedtatt 15. oktober 2015, avsett til råstoffutvinning.

Det vert oppgjeve i søknaden at førekomsten består av samfengd masse med innhald av sand, grus og stein. Massane vil i følgje søknaden bli levert til Modalen sandtak og fordela til støypesand og singel. Vidare opplysast det i søknaden at produkta blir selde til ulike betongstasjonar i Bergensområdet. Totalvolum for uttaket er anslått til 80 000 m3. Forventa årleg uttak er 15 000 m3.

Saka ligg no ute til høyring. Høyringsdokumenta er tilgjengeleg i menyen til høgre.

Høyringsbrevet gir nærare orientering om DMF sine forventningar til høyringsfråsegna og vår behandling av søknaden.

Høringsuttalelser
Send med epost til
Send med post til
Direktoratet for mineralforvaltning med Bergmeisteren for Svalbard Postboks 3021 Lade 7441 Trondheim
Frist for å avgi høringsuttalelser
Onsdag, 19. April 2017