Hjørungavåg i Hareid kommune - driftskonsesjon

Direktoratet for mineralforvaltning med Bergmeisteren for Svalbard (DMF) har fått inn søknad om driftskonsesjon etter minerallova § 43 frå Nord-Berg AS.

Hjørungavåg er lokalisert på del av gbnr. 70/23 i Hareid kommune. Området som det vert søke om driftskonsesjon på har eit areal på om lag 29 dekar og framgår av høyringsvedlegget på s. 4. Tiltakshavar oppgjer at det skal tas ut totalt 250 000 m3 masse. Forventa årleg uttak er 20 000 m3 masse. Førekomsten består primært av gneis i fast fjell. Området er i kommuneplanens arealdel avsett til næringsbusetnad.

Saka ligg no ute til høyring. Høyringsdokumenta er tilgjengeleg i menyen til høgre.

Høyringsbrevet gjev nærare orientering om DMF sine forventingar til høyringsfråsegnene og handsaminga vår av søknaden.

Høringsuttalelser
Send med epost til
Send med post til
Direktoratet for mineralforvaltning med Bergmeisteren for Svalbard Postboks 3021 Lade 7441 Trondheim
Frist for å avgi høringsuttalelser
Onsdag, 13. desember 2017