Hillesland/Skjenet i Karmøy kommune - driftskonsesjon
Direktoratet for mineralforvaltning med med Bergmeisteren for Svalbard (DMF) har fått inn søknad om driftskonsesjon etter minerallova § 43 frå Karmøy Naturstein AS.
Karmøy Naturstein AS søkjer om driftskonsesjon for gbnr. 48/1, 9 og 39 i Karmøy kommune. Det omsøkte arealet er om lag 82,5 daa. Tiltakshavaren har søkt om driftskonsesjon for eit større område enn det som per i dag er regulert til steinbrot, da tiltakshavaren har teke høgde for at det er starta opp nytt planarbeid for området. Innafor det omsøkte området angir tiltakshavaren at totalvolum for mineralførekomsten er om lag 750 000 m3. Vidare anslår tiltakshavaren at dei vil ta ut om lag 15 000 – 20 000 m3 av mineralførekomsten i året.
Tiltakshavaren beskriv mineralførekomsten å vere naturstein (arkose/arkositt). Førekomsten nyttast til muring, plastring og blending mv. Ifølgje tiltakshavaren er førekomsten registrert som «meget viktig» i NGU sine databasar.
Området er i reguleringsplan for «Del av gnr. 48, bnr. 1 og 9, Hillesland», vedteken i kommunestyret den 28. mars 2000, regulert til steinbrot. I reguleringsplanen er område for steinbrot 68,4 daa stort. DMF gjer i samband med dette merksam om at tiltakshavaren har søkt om driftskonsesjon for et større område enn det som i dag er regulert til steinbrot. Tiltakshavaren underbyggjer dette med at området er under regulering. Dersom det er klart at det ikkje vil vere aktuelt med drift på eit større område enn det som i dag er avsett til steinbrot, ber DMF om ei tilbakemelding på dette. Vi minner samtidig om at tiltakshavaren ikkje vil kunne starte drift utover dagens område for steinbrot før ny reguleringsplan er på plass.
Saka ligg no ute til høyring. Høyringsdokumenta er tilgjengeleg i menyen til høgre.
Høyringsbrevet gjev nærare orientering om DMF sine forventingar til høyringsfråsegnene og handsaminga vår av søknaden.