Hiksdal Natursteinbrot i Vindafjord kommune – driftskonsesjon
Direktoratet for mineralforvaltning med Bergmeisteren for Svalbard (DMF) har fått inn søknad om driftskonsesjon etter minerallova § 43 frå Ottar Skjold Maskin AS.
Hiksdal Natursteinbrot er lokalisert på gbnr. 275/2 i Vindafjord kommune. Området som det vert søke om driftskonsesjon på har eit areal på 24 dekar og fremgår av kart på side 4 i høyringsvedlegg. Område omtala som Fase 1 i driftsplan skal setjast i stand, og er difor ikkje del av omsøkt konsesjonområde.
Tiltakshaver opplyser om at det skal takast ut om lag 174 120 m3 masse. Forventa årleg uttak er om lag 10 000 m3. Hovudbergarten er granittisk gneis med variasjoner fra granittisk til tonalittisk samansetjing. Det vert i søknaden opplyst at råstoffet skal nyttas til murestein og at skrotmassa skal knuses til pukk. I kommuneplan sin arealdel er området avsett til råstoffutvinning. I gjeldande reguleringsplan er Fase 2 og 3 regulert til steinbrot og massetak. Reguleringsplan blei vedteke 24. September 2019.
Saka ligg no ute til høyring. Høyringsdokumenta er tilgjengeleg i menyen til høyre.
Høyringsbrevet gir nærare orientering om DMF sine forventningar til høyringsfråsegna og vår handsaming av søknaden.