Haramsøya i Ålesund kommune - driftskonsesjon

Direktoratet for mineralforvaltning med Bergmeisteren for Svalbard (DMF) har fått inn søknad om driftskonsesjon etter minerallova § 43 frå Aakre Anlegg AS.

Aakre Anlegg AS søker om driftskonsesjon for Haramsøya i Ålesund kommune. Haramsøya er lokalisert på eigendommen gnr./bnr. 313/3. Området som det vert søke om driftskonsesjon på har eit areal på 7 dekar og fremgår av høyringsvedlegget på side 7. Området er i kommuneplanens arealdel avsett til LNFR. Tiltakshavar opplys at det er søkt til kommunen om dispensasjon frå gjeldande arealplanformål.

Tiltakshaver oppgjer at det er planlagt å ta ut totalt 60 000 m3 masse. Forventa årleg uttak er 20 000 – 30 000 m3 masse. Formålet med uttaket er tilrettelegging for framtidig industritomt. Massene skal benyttast som plastringsstein.

Saka ligg no ute til høyring. Høyringsdokumenta er tilgjengelig i menyen til høyre.

Høyringsbrevet gir nærare orientering om DMF sine forventningar til høyringsfråsegna og vår handsaming av søknaden.

 

Høringsuttalelser
Send med epost til
Send med post til
Direktoratet for mineralforvaltning med Bergmeisteren for Svalbard Postboks 3021 Lade 7441 Trondheim
Frist for å avgi høringsuttalelser
Mandag, 4. mai 2020