Gaular Næringspark i Gaular kommune – driftskonsesjon

Direktoratet for mineralforvaltning med Bergmeisteren for Svalbard (DMF) har motteken søknad om driftskonsesjon etter minerallova § 43 frå Gaular Pukk og Sand AS.

Uttaket er lokalisert på gbnr. 61/89 og 61/136 i Gaular kommune. Tiltakshavaren viser til informasjon frå NGU der ein finn at store delar av berggrunnen inngår i «vestre gneis kompleks». Førekomsten er udifferensierte gneisar med varierande grad av bånding og mineralsamansetning. Ifølgje tiltakshavaren er bergarten i stor grad inhomogen, bånda, oppsprukke og folda. På bakgrunn av dette er førekomsten ikkje egna for uttak av stor blokk, men passar godt å nytte som grov murestein til tørrmuring og andre uteanlegg for den lokale marknaden. Bergarten er ein lys granittisk gneis med middels gode eigenskapar for dei fleste buggtekniske formål. Tiltakshavaren beskriv vidare at geologien for bergarten dei skal drive på er lagvis med slepper med ein vinkel på 30 grader mot aust i det området der det er uttak i dag.

Omsøkt område er ifølgje tiltakshavar 29 daa. DMF har teke utgangspunkt i tiltakshavaren sitt kart med den uttaksgrensa som kjem fram av kart med tittelen «eigedomskart» som framkjem av driftsplanen. Vi har digitalisert uttaksområdet i tråd med tiltakshavaren si uttaksgrense/konsesjonsgrense og finn ut ifrå dette at konsesjonsområdet er 37 daa. Det totale uttaket innafor konsesjonsområdet er anslått å vere 150 000 m3. Tiltakshavaren ser for seg å ta ut 15 000 m3 årleg, men dette kan variere noko ut ifrå etterspørsel i marknaden.

Området er i reguleringsplan for Gaular Næringspark gnr. 61 bnr. 20 mfl. med planID 20170001, vedteken i kommunestyret den 26. april 2018, regulert til forretning/kontor/industri og steinbrot og masseuttak.

Saka ligg no ute til høyring. Høyringsdokumenta er tilgjengeleg i menyen til høgre.

Høyringsbrevet gir nærare orientering om DMF sine forventningar til høyringsfråsegna og vår handsaming av søknaden.

Høringsuttalelser
Send med epost til
Send med post til
Direktoratet for mineralforvaltning med Bergmeisteren for Svalbard Postboks 3021 Lade 7441 Trondheim
Frist for å avgi høringsuttalelser
Tirsdag, 2. April 2019