Fossanmoen i Forsand kommune - driftskonsesjon
Direktoratet for mineralforvaltning med Bergmeisteren for Svalbard (DMF) har fått inn søknad om driftskonsesjon etter minerallova § 43 frå Forsand Sandkompani AS.
Forsand Sandkompani AS søker om driftskonsesjon for Fossanmoen i Forsand kommune. DMF gjer merksam om at omsøkt område i søknadsskjemaet er noko unøyaktig. Av driftsplanen framgår det at omsøkt område er ca. 375 daa. Digitalisering av område i reguleringsplanen avsatt til råstoffutvinning viser at området er ca. 378 daa. Tiltakshaver anslår at totalvolumet for uttaket er 1 800 000 m3. Uttaksmenga vil variere med marknaden, men tiltakshavar antyder et forventa årleg uttak på 250 000 m3. Førekomsten høyrer til i kategorien grunneigar sine mineralar.
Ifølgje tiltakshavaren er førekomsten registrert som nasjonalt viktig i Regionalplan for byggeråstoff. Vidare viser tiltakshavaren til at førekomsten i området er av maksimal kvalitet for alle føremål, og at førekomsten difor er svært viktig. Massane består av 8-10 meter horisontale lag med sortert grus over skrålag av sand.
Området er i «Detaljregulering for Forsandmoen/Forsandåna» med planID 201602, vedteken i kommunestyret den 13. juni 2018, regulert til masseuttak.
Saka ligg no ute til høyring. Høyringsdokumenta er tilgjengeleg i menyen til høgre.
Høyringsbrevet gjev nærare orientering om DMF sine forventingar til høyringsfråsegnene og handsaminga vår av søknaden.