Fet næringstomt i Eidfjord kommune - driftskonsesjon
Direktoratet for mineralforvaltning med Bergmeisteren for Svalbard (DMF) har fått inn søknad om driftskonsesjon etter minerallova § 43 frå Hardangervidda Pukk & Stein AS.
Hardangervidda Pukk & Stein AS søkjer om driftskonsesjon for uttak av fast fjell for Fet næringstomt. Uttaket er lokalisert på gbnr. 19/1 i Eidfjord kommune. Området det søkjast om konsesjon for er om lag 44 daa stort. Ifølgje tiltakshavaren er det samla totale volumet som skal takast ut innafor området det søkjast om konsesjon for, om lag 340 000 m3. Tiltakshavaren antyder eit årleg uttak på om lag 40 000 m3.
Førekomsten er ikkje kartlagt av NGU. Ifølgje tiltakshavaren si eiga skildring skal førekomsten nyttast til lågrafikkerte vegar, opparbeiding av tomter og til omfyllingsmassar til vatn og avlaupsanlegg.
Området er i Detaljregulering for Fet gnr. 19 bnr. 1 og 2, med planID 2013002, regulert til næring/tenesteyting.
Saka ligg no ute til høyring. Høyringsdokumenta er tilgjengeleg i menyen til høgre.
Høyringsbrevet gir nærare orientering om DMF sine forventningar til høyringsfråsegna og vår handsaming av søknaden.