Einangane (Treungen) i Nissedal kommune - driftskonsesjon

Direktoratet for mineralforvaltning med Bergmeisteren for Svalbard (DMF) har fått inn søknad om driftskonsesjon etter minerallova § 43 frå Knut Haugsjå AS.

Knut Haugsjå AS søker om driftskonsesjon etter mineralloven for Einangane (Treungen). Steinbrotet er lokalisert på gbnr. 47/3 og 35/8 i Nissedal kommune. Omsøkt område er ca. 63 daa. Tiltakshavaren antyder et årleg uttaksvolum på 10 000 m3, og eit totalt samla uttak av mineralførekomsten på 170 000 m3. Førekomsten består av fast fjell som skal knusast opp i ulike fraksjonar.

Massane skal nyttast som byggeråstoff i bygg- og anleggsverksemd. Den dominerande bergarten i området er granitt. Ifølgje tiltakshavaren er steinen ganske sprø, har god slitestyrke og blir lett kubisk under produksjon. Steinen har god mekanisk styrke, noko som gjer den godt egna til bruk på småvegar, som grøftesingel og strøsingel. Steinbrotet er av NGU klassifisert som ein kommunalt viktig ressurs.

Omsøkt uttak ligg delvis innafor område avsett til råstoffutvinning i kommuneplanen sin arealdel for Nissedal kommune. Resten av uttaket ligg innafor eit område avsett til LNF i kommuneplanen sin arealdel. Ifølgje tiltakshavaren er kommunen klar over avviket mellom arealplanen og den faktiske lokaliseringa av steinbrotet, og at dette skal rettast opp ved neste rullering av kommuneplanen.

Saka ligg no ute til høyring. Høyringsdokumenta er tilgjengeleg i menyen til høgre.

Høyringsbrevet gir nærare orientering om DMF sine forventningar til høyringsfråsegna og vår handsaming av søknaden.

Høringsuttalelser
Send med epost til
Send med post til
Direktoratet for mineralforvaltning med Bergmeisteren for Svalbard Postboks 3021 Lade 7441 Trondheim
Frist for å avgi høringsuttalelser
Onsdag, 8. mai 2019