Eikefet (Husafjellet) i Lindås kommune - driftskonsesjon

Direktoratet for mineralforvaltning med Bergmeisteren for Svalbard (DMF) har fått inn søknad om driftskonsesjon etter minerallova § 43 fra Oster Pukk og Sand AS.

Oster Pukk og Sand AS søker om driftskonsesjon for gbnr. 220/9 (del av Husafjellet/Eikefet) i Lindås kommune. Eigedomen utgjer ein mindre del av allereie eksisterande tildelt driftskonsesjon (datert 11. juli 2013) for Husafjellet/Eikefet i Lindås kommune. Ifølgje tiltakshavaren er storleiken på omsøkt område ca. 57 daa. Ved digitalisering av det omsøkte området innafor gbnr. 220/9, kjem DMF til at omsøkt konsesjonsområde er 24 daa. Det samla volumet for heile mineralførekomsten i Husafjellet er ifølgje tiltakshavaren ca. 2 800 000 m3. Uttaket vil kunne variere noko ut ifrå marknad og etterspørsel, men tiltakshavaren skisserar et planlagt årleg uttak på 46 300 m3. Førekomsten høyrer til mineralkategorien grunneigar sine mineral.

Førekomsten er av tiltakshaver beskrive som eit nasjonalt viktig ressursområde for masseuttak. Fjellet består av migmatitt, lokalt ein kvartsrik gneis og kvartsitt lokalt rik på granittiske intrusiver. Ifølgje tiltakshavaren er kvaliteten på førekomsten god. Dei leverar pukk som nyttast til ballast til jernbane, asfalt og betong i både innland og utland.

Området er i reguleringsplan for «Eikefet og Urdal råstoffutvinning og industriområde» med planID 1263-201107, vedteken i kommunestyret den 13. september 2012, regulert til råstoffutvinning.

Saka ligg no ute til høyring. Høyringsdokumenta er tilgjengeleg i menyen til høgre.

Høyringsbrevet gjev nærare orientering om DMF sine forventingar til høyringsfråsegnene og handsaminga vår av søknaden.

Høringsuttalelser
Send med epost til
Send med post til
Direktoratet for mineralforvaltning med Bergmeisteren for Svalbard Postboks 3021 Lade 7441 Trondheim
Frist for å avgi høringsuttalelser
Fredag, 7. desember 2018