Bruddet i Fjaler kommune - driftskonsesjon

Direktoratet for mineralforvaltning med Bergmeisteren for Svalbard (DMF) har motteke søknad om driftskonsesjon etter § 43 i lov om erverv og utvinning av mineralressurser (minerallova) frå Geir Sande AS.

Bruddet er eit massetak lokalisert på gnr./bnr. 103/1 i Fjaler kommune. Det omsøkte området er om lag 14 dekar og går fram av kart på side 18 i høyringsvedlegget. Omsøkt område er avsett til LNF-føremål i kommuneplanens arealdel. Det er oppgjeve at førekomsten består av sedimentær bergart som hovudsakleg vil nyttast til entreprenørverksemd. Det er estimert eit årleg uttak på om lag 3.000 m3 -5.000 m3 og eit totalt uttak på 40.000 m3.

Saka ligg no ute til høyring. Høyringsdokumenta er tilgjengeleg i menyen til høgre.

Høyringsbrevet gjev nærare orientering om DMF sine forventingar til høyringsfråsegnene og handsaminga vår av søknaden.

Høringsuttalelser
Send med epost til
Send med post til
Direktoratet for mineralforvaltning med Bergmeisteren for Svalbard Postboks 3021 Lade 7441 Trondheim
Frist for å avgi høringsuttalelser
Fredag, 2. februar 2018