Brekka fjelltak i Nord-Fron kommune - driftskonsesjon

Direktoratet for mineralforvaltning med Bergmeisteren for Svalbard (DMF) har fått inn søknad om driftskonsesjon etter minerallova § 43 frå AHSCO Holding 2 AS.

AHSCO Holding 2 AS (tidlegare AHSCO Entreprenør AS) søker om driftskonsesjon for Brekka fjelltak. Uttaket er lokalisert på gbnr. 315/7, 48 i Nord-Fron kommune. Omsøkt område er 33 daa og svarar til område regulert til steinbrudd og masseuttak. Ifølgje tiltakshavaren er det samla uttaket 428 000 m3. Tiltakshavar anslår eit planlagt årleg uttak på ca. 10 000 m3. Det årlege uttaket vil kunne variere med marknadssituasjonen.

Ifølgje tiltakshavaren er førekomsten ikkje beskrive særskilt som mineralressurs i NGU sin base. Berggrunnskartet frå NGU viser at uttaksområdet ligg i eit område der det er lys feltspatførande sandstein. Tiltakshavar viser til at steinen er av ein slik kvalitet at den spaltast i ulike tjukkleikar og at førekomsten difor vil kunne gi gode muresteinsprodukt båe til maskinmuring og handstein. Feltspaten/kalksteinen i området er lagdelt med ei helling mot aust.

Omsøkt område er i reguleringsplan for Brekka fjelltak med planID 51620150006, vedteken i kommunestyret den 13. desember 2016, regulert til «steinbrudd og masseuttak».

Saka ligg no ute til høyring. Høyringsdokumenta er tilgjengeleg i menyen til høgre.

Høyringsbrevet gir nærare orientering om DMF sine forventningar til høyringsfråsegna og vår handsaming av søknaden.

Høringsuttalelser
Send med epost til
Send med post til
Direktoratet for mineralforvaltning med Bergmeisteren for Svalbard Postboks 3021 Lade 7441 Trondheim
Frist for å avgi høringsuttalelser
Tirsdag, 9. April 2019