Bjørkemoen grustak i Voss kommune - driftskonsesjon

Direktoratet for mineralforvaltning med Bergmeisteren for Svalbard (DMF) har fått inn søknad om driftskonsesjon etter minerallova § 43 frå NOBI Voss AS.

Bjørkemoen grustak er lokalisert på gnr./bnr. 158/20 og gnr./bnr 158/3 i Voss kommune. Totalt omsøkt område er 296 dekar og fremgår av kart på side 4 i høyringsvedlegget. Området er i vedtak av 30. september 1999 regulert til område for masseuttak. Tiltakshavar har i etterkant utarbeidd eit forslag til ny detaljeregulering for uttaksområdet (planid 2015013). Planprogrammet til forslaget vart vedteke i Formannskapet i Voss kommune 22. juni 2017. Forslag til detaljeregulering, med teiknforklaring, ligg på side 5 i høyringsvedlegget.

DMF har ved utarbeidelsen av kart over konsesjonsområde på side 4 i høyringsvedlegget teke utgangspunkt i forslaget til detaljeregulering for Bjørkemoen grustak. DMF understrekar at tiltakshavar ikkje skal driva uttaksverksemd på gnr./bnr. 109/4, gnr./bnr. 109/11 og gnr./bnr. 109/1.

Det er oppgjeve i søknaden at drifta i hovudsak omfattar uttak av sand og grus, som blant anna vil nyttast til asfalt- og betongproduksjon. Det er estimert eit årleg uttak på rundt 1 20 000 m3 og eit totaluttak på ca. 1 100 000 – 1 500 000 m3. DMF påpekar at tiltakshavar har sendt inn to forskjellige søknadsskjema for det same uttaksområdet.

Saka ligg no ute til høyring. Høyringsdokumenta er tilgjengeleg i menyen til høgre.

Høyringsbrevet gir nærare orientering om DMF sine forventningar til høyringsfråsegna og vår behandling av søknaden.

Høringsuttalelser
Send med epost til
Send med post til
Direktoratet for mineralforvaltning med Bergmeisteren for Svalbard Postboks 3021 Lade 7441 Trondheim
Frist for å avgi høringsuttalelser
Fredag, 15. september 2017