Bjordal massetak i Høyanger kommune - driftskonsesjon
Direktoratet for mineralforvaltning med Bergmeisteren for Svalbard (DMF) har fått inn søknad om driftskonsesjon etter minerallova § 43 frå A og J Bjordal AS.
Bjordal massetak er lokalisert på del av gbr. 18/2 i Høyanger kommune. Området som det vert søke om driftskonsesjon på har eit areal på om lag 42 dekar (sjå bort frå at det i søknadsskjema og driftsplan står 10 dekar) og framgår av høyringsvedlegget på s. 4. Tiltakshavar opplyser om at det skal takast ut om lag 69 000 m3 masse. Forventa årleg uttak er 2500 m3. Førekomsten består primært av metasandstein, glimmerskifer og kvartsitt med soner av gneis. Det vert i søknaden opplyst at råstoffet skal nyttas til murestein, blokkstein og pukk. I kommuneplanen sin arealdel er området avsett til råstoffutvinning. I gjeldande reguleringsplan er området regulert til steinbrudd og masseuttak. Det er ein ny reguleringsplan under arbeid. Den nye reguleringsplanen vil heilt/delvis erstatte planen «Massetak og kaiområde i Bjordal frå 1995».
Saka ligg no ute til høyring. Høyringsdokumenta er tilgjengeleg i menyen til høgre.
Høyringsbrevet gir nærare orientering om DMF sine forventningar til høyringsfråsegna og vår handsaming av søknaden.