Birkeland grustak i Sauda kommune - driftskonsesjon
Direktoratet for mineralforvaltning med Bergmeisteren for Svalbard (DMF) har fått inn søknad om driftskonsesjon etter minerallova § 43 frå Brødrene Selvik AS.
Brødrene Selvik AS søkjer om driftskonsesjon for uttak av løsmassar for Birkeland grustak. Uttaket er lokalisert på eigedomane gbnr. 45/1, 4 og 45/1/1 i Sauda kommune. Omsøkt område er 172 daa, og svarar til området regulert til steinbrot og masseuttak. Ifølgje tiltakshavaren utgjer gjenståande massar innafor omsøkt område opptil 1 300 000 m3. Vidare antyder tiltakshavaren et årleg uttak på om lag 27 000 m3. Uttaksmengden og uttakstakta vil likevel kunne variere noko i tråd med etterspørsel og marknad.
Førekomsten er ifølgje tiltakshavaren ein ressurs som er utvunne over lengre tid allereie. Massane som takast ut blir nytta i all hovudsak i den lokale marknaden. Lausmassane nyttast som tilslag i betong, samt som grøftesand og strøsand. I tillegg blir massane nytta i lokale byggeprosjekt og vegar. Ifølgje tiltakshavar har dei også levert rund-stein (elvestein) i ulike dimensjonar som har vist seg å vere attraktiv for anleggsgartnarar i Haugalandsregionen.
Området er i «Detaljregulering for Birkelandsmoen grustak», med planID 2012-001, vedteken i kommunestyret den 19. juni 2019, regulert til steinbrot og masseuttak.
Saka ligg no ute til høyring. Høyringsdokumenta er tilgjengeleg i menyen til høgre.
Høyringsbrevet gir nærare orientering om DMF sine forventningar til høyringsfråsegna og vår handsaming av søknaden.