Bakkebufjellet massetak i Nissedal kommune - driftskonsesjon

Direktoratet for mineralforvaltning med Bergmeisteren for Svalbard (DMF) har fått inn søknad om driftskonsesjon etter minerallova § 43 frå Kyrkjebygdheia AS.

Kyrkjebygdheia AS søker om driftskonsesjon for Bakkebufjellet massetak. Massetaket er lokalisert på gbnr. 10/1 i Nissedal kommune. Ifølgje tiltakshavaren er omsøkt området 34 daa. Omsøkt område svarar til det som i reguleringsplanen er regulert til steinbrudd/masseuttak. Digitalisering av konsesjonsområdet viser at det er om lag 32 daa. Tiltakshavaren har anslått at det totale volumet innafor omsøkt område er 400 000 m3. Dei forventar å kunne ta ut om lag 15 000 m3 årleg. Dette vil kunne forandre seg i takt med situasjonen i marknaden og etterspørselen.

Tiltakshavaren skriv at berggrunnen er grunnfjell beståande av metabasalt, metahyolitt og metamorf tuff. Like i nærleiken finn ein også monzonittisk gneis. Ifølgje tiltakshavaren finn ein berre tynn morene i lausmassane på staden, samt at enkelte stader finn ein område med myr og torv. Førekomsten er tenkt nytta i samband med opparbeiding av vegar og hyttebygging.

Området er i reguleringsplan «Detaljregulering – Bakkebufjell massetak» med planID 2012005, vedteken i kommunestyret den 13. desember 2012, regulert til steinbrudd/masseuttak.

Saka ligg no ute til høyring. Høyringsdokumenta er tilgjengeleg i menyen til høgre.

Høyringsbrevet gir nærare orientering om DMF sine forventningar til høyringsfråsegna og vår handsaming av søknaden.

Høringsuttalelser
Send med epost til
Send med post til
Direktoratet for mineralforvaltning med Bergmeisteren for Svalbard Postboks 3021 Lade 7441 Trondheim
Frist for å avgi høringsuttalelser
Fredag, 28. juni 2019